Bikubekveld

  • Scene : BIKUBEN
  • Varigheit : Ca. 1 time
  • Pris frå: 0 ,-

Kvar fredag kl. 22.30 i Bikuben

Fredagar kl. 22.30 inviterer vi til Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre og mykje anna. Baren er open! Cc: 100,- . Det er 128 sitteplassar og 172 ståplassar. Det kan vere lurt å være tidleg ute for å sikre seg sitteplass!

PROGRAM HAUSTEN 2017

 

15. september: URBAN ART ATTACK


Haustens festkveld i den urbane kunstens namn er her! Her samlast dei råaste ambassadørane innan hiphopens element til ei feiring av det å uttrykke seg fritt anten det er gjennom MC`ing (rap/slam/song), dj`ing (musikk), grafitti (kunst) eller breaking!
Denne kvelden utvidar vi opningstidene litt , og inviterer til jam og ekstra hygge til god musikk! Den urbane kunsten tek over Det norske teatret i ein stor og søt harmoni!

22. september: NORSK PÅ NORSK

Velkommen til ein festkveld i Bikuben på Det Norske Teatret! Nokre av Noregs dyktigaste songarar og husets formidable musikarar ønskjer å hylle ei rekke norske artistar med eit djupdykk i norsk musikkhistorie gjennom fleire tiår. Dette blir ein nostalgisk festkveld med kjente slagarar og skjulte skattar, framført med mykje kjærleik, humor og varme.

Med: Charlotte Brænna, Sofie Bjerketvedt, Amund Sigurdssønn, Kristian Larsen, Ståle Sletner og Ole Marius Melhuus

29. september: Tom Waits

Vi serverer ein liten cocktail av gamle schlägarar frå m.a. The Black Rider og Woyzeck, i tillegg til andre raritetar henta frå Tom Waits skakke, rare og vidunderlege verd.

«We´ll have a gay ol´ time!»

Med: Lasse Kolsrud, Ingrid Jørgensen, Hans Rønningen og Pål Christian Eggen

Musikarar:
Svenn Erik Kristoffersen, pumpe og piano
Mats Grønner, gitarer
Christian Svensson, trummor
Marius Reksjø, bass

6. oktober: AFRIKANSKE RØTER


Ein aftan der nordmenn med afrikanske røter sjølve set agenda for kva dei vil seie. Noregs kulturliv blir styrka av nye uttrykk som har gitt oss til dømes Nico & Vinz, slampoesi, Tabanka, m.m. Denne kvelden inntar kjente og ukjente fjes scenen og deler både røter og sjel. Det blir musikk, song, dans, gode samtalar, og ikkje minst ei feiring av kulturenes positive kraft!

13. oktober: Frida Ånnevik og Lillian Samdal


Frida Ånnevik og Lillian Samdal spelar eigne låtar og pratar litt om korleis dei bruker dialekt og språk i låtskrivinga si.

I samarbeid med NOPA og GramArt.

20. oktober: MONOLOGBONANZA


Sesongens Monologbonanza presenterer ti sterke skodespelarar sitt intense arbeid med ti korte monologar. Det er ei arbeidsvisning fra monologkurset på Norsk Skuespillersenter, der skodespelarane har forska i sitt eige forhold til teksten og til publikum: Kva for tekst er rett for meg, og hva skjer når den og eg møter ulike typar tilskodarar og deira forventningar?
Vi gler oss til å møtet med Bikubens publikum!

Regissør: Øystein Ulsberg Brager

27. oktober: (Wo)man up!

Med inspirasjon frå Broadway Backwards og Miscast, tek eit knippe skodespelarar frå The Book of Mormon saken i eigne hender og lagar eit heilt nytt show. I (Wo)man Up syng dei kjente, og ikkje fullt så kjente songar frå roller dei ALDRI ville blitt casta til – roller opphavleg skrive for kvinner. Det blir ein kveld full av song, latter og forvirring.

Med: Marvin Amoroso, Carl Martin Prebensen, Mikkel Gythfeldt, Richard Lessey, Sigurd Vespestad Marthinussen, Sindre Bjørke Høyang

3. november: SLAM!


Denne kvelden overtek dei beste slampoetane i landet scenen og framfører heilt unike og personlege tekstar. Publikum kan forvente seg «rett frå levra»-poesi, rytmar og tankar serverte på sølvfat. Bikubekveld, i samarbeid med SLAM!

Med: Fredrik Høyer, Taro Vestøl Cooper m.fl.

10. november: Laura Nyro og Heidi Gjermundsen Broch


Laura Nyro er eit ukjend namn for dei fleste i Noreg, men artistane og gruppene ho skreiv låtar for, vil vere velkjende. Før ho døydde av kreft berre 49 år gamma, rakk ho å skrive låtar for til dømes James Bond-filmane, Blood, Sweat and Tears, Barbara Streisand, Diana Ross og Paul and Mary. Musikken hennar er ei salig blanding pop, jazz, gospel, r&b og rock. Det Norske Teatrets Heidi Gjermundsen broch har hatt eit livslagt og intenst forhold til låtskrivaren, og meiner det kanskje var framføringa av ein av hennar songar som fekk henne inn på Teaterhøgskolen. Denne kvelden vil ho dele sin entusiasme for Nyro, og kanskje frelse nokre nye Nyro-fans!

Med: Heidi Gjermundsen Broch m.fl.

17. november: TELEGRAM


TeleGram er fire musikarar som spelar akustisk musikk i lag. Bandet kombinerer strykeinstrument og gitarinstrument på eigne, originale måtar, i ein sjanger dei sjølve karakteriserer som «folk-inspirert, akustisk kammerpop» med innslag av soul-inspirerte melodiføringar og sterke impulsar frå støvete americana. Cello, fiolin, mandolin, banjo og ulike gitarar gir et variert lydbilde. Her er klangen frå klassisk musikk, side om side med spontaniteten og improvisasjonane frå jazzen. Alt for å tene songane som veks fram i rommet mellom musikarane, deira felles samlingspunkt.
Med:
Kaja Pettersen – cello, vokal
Adrian Løseth Waade – fiolin, vokal
Anne Marit Bergheim – vokal, gitar, mandolin
Marius Graff – vokal, gitar, banjo

24. november: DA MUSIKALEN BLEI REMIXA


Om vi tek det beste frå to verder, det tradisjonelle musikkteateret & det urbane kunstuttrykket – kva blir resultatet? Vi har fått med oss nokre av dei meste spennande stemmene innan musikkteater, og gitt dei i oppgåve å utfordre musikalsjangeren – og ikkje minst seg sjølve! Publikum forvente «klassikarane» – og mykje mykje meir…

Med: Heidi Gjermundsen Broch, Øyvind Boye, Kirsti Lucena, Marvin Amoroso, Andreas Lanesgjord.

1. desember: PROGRAM KJEM

8. desember: DIGRESJON SYNG JULA INN


Digresjon er ei A Capellagruppe bestående av ni dyktige, middels til svært kjekke menn som syng musikk i jazz- og popsjanger, med innskot av klassiske stykke. Til å runde av sesongens Bikubekveldar har dei hausta inn alle julelåtane dei synest er gjevast og gitt dei ei ny og spennande drakt. Vi lovar julestemning, sjarm og sprell!

Med: Hogne Vangen, Håkon Sand, Sigurd Andreas Vespestad Marthinussen, Bjørnar Nilsen Øksenvåg, Jim-Roger Knutsen, Erlend Bentesønn Fougner, Kristian Kristensen, Erlend Leinan Lund og Frank Engelsvoll